Han er på seniorlandslaget i kajakk, men valte altså å vere med på reality-tv i staden for å padle i verdsmeisterskapen. Vanskeleg å skjønne for mange, men heilt rett for Lars Magne.
– Eg fekk naturleg nok ein del reaksjonar på at eg droppa VM, men eg trengte ein pause. Om du ikkje har hovudet med deg og er skikkeleg motivert, så har du ikkje sjans på dette nivået. No er eg derimot svært motivert – og klar for å gjere jobben som skal til, seier Lars Magne då han er heime på besøk i Tysvær onsdag formiddag.
21-åringen legg til at Farmen-pausen hans ikkje er optimal med tanke på 2017-sesongen, men at han på sikt vil tene på avbrekket.
– Om eg tenker langsiktig så var denne pausen veldig viktig for meg. Det mentale må vere på plass, nikkar Lars Magne, som er klar for landslagssamling på Sandbekken om eit par veker.
Ned i vekt
Lars Magne bur i Oslo, der han er opptatt med trening og studiar. På pensum står ei bachelorgrad i pedagogikk.
– Det er travelt og kjekt å bu i Oslo, men også veldig godt å komme heim. Eg er heimekjær og veldig glad i Tysvær. Nokre dagar med påfyll heimefrå må til med jamne mellomrom, seier den sympatiske 21-åringen.
Også då han var ferdig i Farmen drog han rett heim til familien. Ikkje minst for å ete.
– Eg sleit skikkeleg med maten i Farmen. Eg er van med å ete seks store måltid til dagen, der fekk eg tre små. Heldigvis var det mange kjekke jenter med – som gav meg ekstra mat så ofte det let seg gjere. På kort tid gjekk eg ned sju kilo, og var heilt utsvolten då eg kom heim. kjøttkaker og brun saus smakte fantastisk, og etter middagen sprang eg rett bort på butikken og handla meg ein bærepose full av godteri, chips og brus, fortel Lars Magne Ullvang lattermildt.
Les mykje meir i vekas papirutgåve av Tysvær Bygdeblad.