Tove Høgemark, leiar i lokallaget, er strålande fornøgd med fangsten.
– Eg måtte felle nokre tårer då eg fekk vite at me hadde fått topp utbetaling på alle tre prosjekta me hadde søkt om støtte til, seier ho smilande.
Går til folket
Summen som lokallaget fekk tildelt, fekk dei gjennom det som heiter Exstra ekspress. Der kan ein søke om summar til heilt konkrete prosjekt, eller til for eksempel eit spesielt arrangement. LHL Tysvær og Bokn søkte om 30.000 kroner til kvart av prosjekta, som er ei rampe ved Bongsatjørn, og dei sosiale prosjekta «Syng deg glad» og «Ut på tur aldri sur».
– Me fekk tidlegare støtte til å sette opp benker ved Bongsatjørn. Nå søkte me om å få til ei rullestolrampe, som me kallar «dupp tånå-rampe». Her kan altså rullestolbrukarar køyre ned rampa og få duppe tåa nedi vatnet, fortel Høgemark.
«Syng deg glad» er eit tilbod LHL Tysvær har hatt i ti år. Her går det dei kallar «likemenn», som er sjuke som hjelper sjuke, å syng saman med dei som bur på sjukeheimar eller sjukehus.
– Dette er personar som er i same båt, brukar me å seie. Det kan også vere pårørande til nokon som er sjuk. Me vil gjerne lage ein fest til «likemenna», og har lyst til å få til ennå fleire aktivitetar, seier lokallagsleiaren.
Det tredje prosjektet som fekk innvilga 30.000 kroner er «Ut på tur aldri sur».
– Her tar me med oss dei som ikkje har nokon til å ta dei med seg ut på tur, ut på tur. Me håper å få låne bilar av kommunen, og køyre ein stad å kike og ete middag, fortel Høgemark.
Les meir i papirutgåva.