Men dei er samde om at kyrkja har viktigare oppgåver, og at den må stå saman.
– Me er ei kyrkje som har to synspunkt. Og desse er likestilte, seier Dyrhol.
Dette er vedtatt på Kirkemøte, og er lovfesta.
Tolkar ulikt
Arne Aurdal er sokneprest i Tysvær sokn. Han ønsker ikkje å vie likekjønna par.
– Ein vektlegger skriftstader ulikt. I bibelen står det at Gud skapte menneske som mann og kvinne. Eg meiner at alle menneske er likeverdige, men det er når det kjem til å oppdra barn ser eg på dette som ei oppgåve for mann og kvinne, seier Aurdal.
Bård Egil Dyrhol er sokneprest i Førresfjorden sokn. Han vil vie likekjønna par.
– Eg ser også dette med mann og kvinne i bibelen, men eg trur ikkje at dette med kjønnspolaritet blir trua når det kjem til likekjønna ekteskap. Om homofile er skapt som homofile eller blitt homofile veit eg ikkje, men det er ikkje valt. Eg tenker at homofile på same måte som heterofile har behov for den nærleik, kjærleik og omsorg som samlivet mellom to som er glade i kvarandre kan gi. Og den ramma for samlivet som vi i kyrkja framhevar er ekteskapet, seier han.
Les heile saka i papirutgåva