Det var i høve strandryddeaksjonen på Haugalandet at nedstrandsbuen mobiliserte seg for å rydde strandsøppel. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Ragn Sells, Friluftsrådet Vest, Karmsund hamn, Karmøy kommune, Haugesund kommune og Tysvær kommune. Frå torsdag i førre veke til tysdag denne veka plasserte Ragn Sells ein container ved Bygdahuset på Nedstrand. Det blei også delt ut sekkar og hanskar til dei som ville rydde. Frivillige tok initiativ på Facebook, og laga hendingar på ulike stader på Nedstrand i helga. Laurdag var det organisert rydding på Hinderåvåg, medan søndag var det område rundt badeplassen Leirå som stod for tur. Mange stilte opp for å samle boss, og engasjementet i bygda viste verkeleg igjen. Å rydde søppel blei til ei kjekk oppleving, med grilling og leik innimellom.
Fantastisk ryddeinnsats på Nedstrand
Denne helga samla bygda seg for å rydde søppel langs strendene på Nedstrand. Små og store tredde på seg hanskar og gjekk laus på det sjøen har skylt inn av boss.