Hanasand ferjekai. Foto: Håkon Odland, Statens vegvesen.
Hanasand ferjekai. Foto: Håkon Odland, Statens vegvesen.

Gladmelding før neste storm

Trafikantane får eit vesentleg betre tilbod neste gong Boknafjord-sambandet er stengt på grunn av vêret, for nå er reservekaien på Hanasand ferdig.

Nå blir det mykje kortare reisetid ved uvêr over Boknafjorden.
Fram til nå har ferjene gått til og frå Mekjarvik når Mortavika har vore stengt på grunn av dårleg vêr. Statens vegvesen har brukt 30 millionar kroner på å oppgradere Hanasand gamle ferjekai i Rennesøy kommune.
– Hanasand gir betre ly for vinden og bølgjene er mykje mindre inn mot Hanasand. Vi er glade for å kunne gi trafikantane eit betre tilbod når vêret er så dårleg at ferjene ikkje kan gå til og frå Mortavika, seier seksjonsleiar Eivind Stangeland i Statens vegvesen.
Overfarten tar rundt 40 minutt til Hanasand. Turen til Mekjarvik tar ein og ein halv time.
Den største kostnaden i oppgraderinga er ny ferjebru og ein såkalla dykdalb (blir brukt når ferjene skal fortøye). Totalt er det brukt 30 millionar kroner, som inkluderer landstraum og alt arbeidet på land.
– På den gamle kaien er det plass til 1000 bilar. Det kjem nye elektroniske skilt, men før dei er på plass blir det manuell dirigering av bilar, fortel Eivind Stangeland.