Crazy Gang består av eit knippe medlemmar frå Førre musikkorps. Heile korpset skal ha konsert i kveld og i morgon i storsalen i Tysværtunet. Rina (12) og Håkon (12), som begge speler kornett, var tilstades under lunsjkonserten i dag. Dei delte ut kaker, song og delte ut reklame for julekonsertane.
– Me gler oss veldig. Og kjekt at me fekk fri frå skulen så me kunne vere med i dag også, seier dei to blidt.
Dagens lunsjkonsert var den siste i år. Også neste år inviterer kulturhuset og Tysvær Bygdeblad til mange flotte gratiskonsertar i lunsjtida.

Skikkeleg julestemning i Tysværtunet
Crazy Gang spelte opp til skikkeleg julekonsert i «Tunet» i dag. Mange møtte opp til lunsjkonserten, og let seg fenge av den flotte musikken.