Simen Gullhaug, Elias Stange Eriksen og Andreas Skjold har full kontroll då me gjesta LAN-et i gymsalen på ungdomsskulen. Kompisane Ola Sørtveit Lura og Ole Andreas Lura Fjeldheim hadde fått fortent pause frå det som virka å vere ein stor suksess.
– Ja, me er svært godt nøgde med det første døgnet. Alt det tekniske verkar og folk berre kjem med skryt. Dei har med seg sine eigne PC-ar, så tar me oss av nett og dei nettverksswitchane som må til. Me har fått fantastisk god hjelp av IT-avdelinga i kommunen, utan deira hjelp hadde det vore vanskeleg, seier trioen på vakt.
Populært
Inne i salen sit 56 ungdommar med blikket festa til skjermen. Ved sida av skjermane ligg klassisk drikke og energibarar. Men også eit og anna eple og ei brødskive.
– Dette blei skikkeleg populært og me fekk mange til å komme. Me starta planlegginga i mars i fjor, og har fått god hjelp av skulen med ein del praktiske ting. Me har mellom anna sovesal like her borte. Om det var litt skepsis i starten, så har alt ordna seg, seier Simen Gullhaug.
– Er det fullt?
– Nei, me kunne nok hatt eit par til, men dette er bra. Nå har alle god plass, seier Andreas Skjold.
– Kva mat går det i når ein skal spele i nær 48 timar?
– Me sel drikke, pizza, litt snop og frukostblanding. Energidrikk er framleis populært, men me ser at det nå også er fleire som vel sunnare alternativ. Men sukker må nok til skal ein halde ut, smiler Elias Stange Eriksen.
Dei tre er så nøgde med arrangementet at dei allereie snakkar høgt om neste år.
– Me håper å utvide det til omlag 100, men då treng me litt meir plass. Me får sjekke eit par alternativ før me seier for mykje. Men dette gav meirsmak, fortel trioen.
Konkurransar
Inne i mørket er det spel for «alle penga». Store skjermar og gode grafikkort gir ei flott oppleving for datanerdane.
– Me har konkurransar med fine premiar i fleire spel. Mellom anna i «Fortnite» og «CS-go». Det er populært. Elles er det litt forskjellig det dei speler, men me ser at mange også bruker ein del av tida her til å diskutere spel, og å lære litt tekniske ting av kvarandre. Akkurat nå har me ei kjensle av at folk har hatt det fint her, og vil komme tilbake. Det kan me love deg er ei god kjensle, seier dei tre ivrige, og ikkje minst dyktige, ungdommane i teamet bak LAN-et på Frakkagjerd.
Politiet var innom i starten, men dei blei det lite bruk for.
– Me er litt heldige at ein del av dei yngste her berre er omlag 10-11 år. Det betyr at arrangementet ikkje er så spennande for eldre ungdommar å henge på utsida av. Men det var flott at politiet var innom. Det er trygt for oss som er arrangørar også. Elles har dei føresette gjort ein kanonjobb med å vere vaktar og til å hjelpe oss. Me blir nok ein sliten gjeng på måndag, men det får me leve med. For dette har blitt akkurat slik me hadde håpa på – ja faktisk betre enn det, avsluttar gjengen som får mykje skryt for arrangementet på ungdomsskulen.