– Tysvær kommune har ansvar for å skaffe omsorgsbustadar til dei som treng det. Rundt om i kommunen, men særskilt i Aksdals- og Frakkagjerdområdet har me bustadar for leige for mange med svært ulike behov. Kommunen treng fleire slike bustadar for utleige.
Tomta ved Aksdalsvatnet blir behandla nå i vinter i samband med områdeplanen for Aksdal. Det stemmer at Husbanken ynskte permanent plassering, og ikkje mellombels plassering for å støtte tilbodet. I tillegg legg Husbanken som føring at desse bustadane skal integrerast i normale bumiljø, slik ein i dag til dømes gjer med eksisterande utleigebustadar i Aksdal og på Frakkagjerd. Aksdal skal utviklast som kommunesenter for alle.
Eg støttar ikkje dei som vil plassere omsorgsbustadar i ein næringspark. Eg trur ikkje det kan ha blitt reflektert etisk rundt eit slikt forslag.Tysvær kommune er trygg på plasseringa som er foreslått. Me vil på sikt ha behov for fleire bustadar, og vil spreie desse i ordinære og normale bumiljø, jmr Husbanken sine faglege krav.
Sist gong saka vart drøfta politisk var det stor semje om at no måtte denne saka landast og bustadane realiserast. Kommunestyret har ansvar for alle, også dei som slit med rus, og eg er trygg på at alle parti tek dette ansvaret alvorleg.
Argumenta som kjem fram mot plasseringa er ikkje nye, og er grundig vurdert av kommunen, både administrativ og politisk. Det er og verdt å merke seg at det ikkje er slik at dette er heilt nytt og særeige for Tysvær, men at alle kommunar, også Tysvær, legg til rette for omsorgsbustadar for menneske med ulike behov. Me er alle innbyggarar, nokre bur tett i saman i tett bebygde område, andre ikkje. Som innbyggarar har alle sine behov og krav. Slik er det i dag og slik vil det vera i framtida, seier ordførar Sigmund Lier.