Liv Ullmann og Tom Remlov på scenen i stykket «LIV». Fortellarkunst av ypparste merke skriv meldarar som har sett framsyninga. Snart kjem ho til Tysværtunet og det skal vere att billettar.
Foto: Riksteateret
Liv Ullmann og Tom Remlov på scenen i stykket «LIV». Fortellarkunst av ypparste merke skriv meldarar som har sett framsyninga. Snart kjem ho til Tysværtunet og det skal vere att billettar. Foto: Riksteateret

Det blir ekte Liv i Tysværtunet, torsdag

– Å reise rundt i Norge og møte publikum på heimebane er ei av dei tinga eg har drømt om å gjere igjen heilt sidan eg spelte i «Et dukkehjem» på min første turné med Riksteatret.

Orda kjem frå Liv Ullmann som er på veg til Tysværtunet. Denne gongen med ei framsyning om seg sjølv, om draumane og om livet sine opp- og nedturar. For det å ha vore ei av landets største stjerner i mange år er eit spennande liv, fortalt av Liv i førestillinga «LIV»
– Denne gongen møter eg publikum som meg sjølv. Som Liv. Det er ho eg aller best liker å være, seier Liv Ullmann (80) før turneen som har ikkje mindre enn 50 stoppstadar på lista.
Førestillinga «LIV» er eit tett møte med Liv Ullmann, der ho som ein ekte historiefortellar bretter ut sitt eventyrlige liv i ei ærleg samtale med teatersjef Tom Remlov.
– Dette er ei førestilling som vil overraske både dei som har vore fan av henne lenge, og for dei som er blitt nysgjerrig no i seinare tid. Sjølv eg som har kjent henne lenge blei overraska då me bygde opp denne framsyninga, seier Tom Remlov.

Fenomenet
Liv Ullmann er eit nasjonalt fenomen. Det ho kan fortelle om er det få andre som har opplevd. Førestillinga, eller samtalen om ein vil, er lagt opp slik at historieforteljaren Ullmann får fortalt om korleis ho utvikla sitt talent. På alvor, men også med eit glimt i auge.
– Liv Ullmann har ei humoristisk side ved seg som eg trur vil glede mange i salen. Måten ho fortel på gjer at, sjølv eg som er med på dette, må vere konsentrert, for ho likar å overraske. Framsyninga lev sitt liv frå kveld til kveld, og eg må vere på, om ein skjønar. Elles speler ho meg fort eit puss. Denne kombinasjonen av forteljarkunst, mange opplevingar og kjente og ukjente historier, gjer at mange får eit utfyllande, eller heilt nytt bilde av Ullmann. Og kritikarane har likt det dei har sett, noko som gjer at me trur me har funne stilen for denne historietimen med landets store teaterprofil gjennom så lenge, seier Remlov.
Remlov går så langt at han kallar det heile ei oppdagarreise.
– Ja, eg vil seie det slik. Ho overraskar stadig, og det er alltid noko som kan forklarast og fortellast på ulike måtar, og måten ho er der saman med sitt publikum. Ho er inkluderande og lyttande. Dette har ho alltid gjort på sin heilt spesielle måte. Om det er på ei førestilling, ein festival eller som intervjuobjekt. Ho lyttar alltid og inkluderer. Slik er det denne gongen også. Merkar ho at publikum er med, tar ho dei vidare inn i historia. Dette er stor scenekunst, seier teatersjefen som nå er inne i si siste periode ved Riksteateret.

Publikum
Remlov ønsker å presisere at dette er noko for alle.
– Me veit at det er fans der ute som er kjappe med å bestille billetter. Men samtidig veit eg det er mange som er litt nysgjerrig. Dette er kvelden å ta steget inn i salen. Måten ho kommunisere på vil fasinere. Det er ei måte å dele historia på og ei gjenkjenning i dette, som gjer at ein blir sittande og lytte. Ho er som sagt unik på mange måtar. Dette visste eg om, men eg blir stadig meir og meir imponert over det ho gjer på scena, seier Remlov.
Det er Bentein Baardson som har regien på framsyninga og han skriv dette om «LIV».
– Liv Ullmann er ei av våre aller største stjerner. Heile verda har vore hennes scene. Alltid på reise. Alltid på veg til nye oppgåver. Alltid nysgjerrig på nye muligheiter og uventande utfordringar som venter ved neste korsveg, seier regissør Baardson.
– Korleis klarer han å samle dette til ei avslutning?
– Det er faktisk ei utfordring, for me har det kjekt i lag på scenen, og har mykje å snakke om. Det blir ei landing til slutt, faktisk ved hjelp av ein filmsnutt. Dette var ei gåve frå seg sjølv til 80-årsdagen, som få, om ingen har sett.
– Korleis er livet på vegen på ein slik lang turné?
– Me er ein liten gjeng frå Riksteateret som kosar oss stort. Vanlegvis må me ha med to store bussar på ein turné, men denne gongen treng me berre ein. Og Liv er ikkje redd for å halde livet oppe i bussen. Ho har eit strålande humør. Kanskje ikkje det alle ville trudd, men det har ho. Og Norge er eit fantastisk land å reise i. Ein blir rett og slett inspirert av å sjå ut vindauge, avsluttar Tom Remlov.