Det er vår i lufta og då dukkar desse to vårteikna opp. Dag Leonard Fjeldstad og påskeliljene.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Det er vår i lufta og då dukkar desse to vårteikna opp. Dag Leonard Fjeldstad og påskeliljene. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Sjå kven som dukkar opp i vårsola

Det er eit snev av vår i lufta. Og med sola så poppar det opp både blomar og kjentfolk.

Dag Leonard Fjeldstad og påskeliljer er to sikre vårteikn i Tysvær. Kommunen sin «blomsterekspert» har gode dagar når sola skin og det er vår i lufta. Men april er ein skummel månad for dei som nå skal pynte opp på terrassar og i hagen.
– Ja, det er ei fin tid med påskeliljer, krokus og snøklokker overalt. Ein del trær har også begynt å få eit grønskjer over seg. Likevel er det litt skummelt desse første vårdagane. Det kan fort bli frostnetter, og det er ikkje bra for ein del av dei blomane me nå plantar ut, seier Fjeldstad.

Kos
Han har vore ein tur på eit gartneri denne dagen for å sjå korleis dei ligg ann. Mange skal feire påska heime i år, og det betyr at terrassar og hagar nok vil få ein tidleg oppgradering.
– Det me ser nå i overgangen mellom mars og april er at det er laukplantene som dominerer. Det som enten har vore ein fast plante i mange år, eller som ein planta i fjor og som nå kjem opp. Dei toler også meir frost enn dei meir typiske rotblomane som ein pyntar med i krukker. Hugs å spørje i butikken om kva blomane toler. Det kan vere at det er sesongblomar som det kan lønne seg å vente litt med, seier Fjeldstad.
– Kva er det som gjer at det kriblar slik i fingrane når vårsola kjem fram?
– Det er fleire ting. For det første så er det kosen det er å jobbe i bed og krukker. Det blir raskt fint og skaper ei god stemning. Eg trur mange kosar seg saman med familien, spesielt nå når ungane er heime frå skulen. Då kan ein luke litt, skifte mold og vere saman og gjere noko positivt.
– Må jorda i krukkene skiftast ut?
– Både ja og nei. Er det dårleg jord bør ein skifte ut det eller det meste. Er jorda bra så kan det vere nok å gjødsle litt. Tørka kumøkk er å anbefale.
– Andre gode tips?
– Ja, plant tett så slepp du ugras. Då slepp ikkje lyset gjennom og ugraset får ikkje sjanse til å vakse. Når det gjeld ugras så er det verkeleg tida for å gå på løvetannjakt i hagen nå. Løvetann brukar det meste av energien sin på å lage blome og blad om dagen, og difor heng ikkje røtene så godt fast.

Miljø

Ordet miljø kan bety fleire ting. Hugs kor du hiv rester og avfall.
– Det er eit viktig tema. Når ein handlar inn varer til hagen så blir det ofte ein del plast av det. Sørg for at den ikkje hamnar i naturen. Har du overskot av kompost bør du lagre den på eigendomen din, eller på eit egna sted. Me ser i skogane våre stadig nye planter som dukkar opp, og dei har ikkje noko der å gjere. Ein prydbusk er fin i ein hage, men eit miljøproblem om den hamnar i ein fin bjørkeskog, seier Dag Leonard Fjeldstad.
Ein av stadane der me er blitt meir og meir oppatt av å skape eit godt miljø med blomar, er på terrassen. Stadig fleire bur i leilegheiter og det er lite med grøntareale. Krukker og fat er redninga.
– Det er sjølvsagt mykje meir avgrensa kva ein kan gjere, men er ein kreativ så kan ein få mykje fint ut av ein terrasse. Nok ein gong er det viktig å snakke med fagfolk i butikken. Spør om plantene vil trivast i ei potte, og sørg for at potta og blomen passar saman. Ei potte på ein varm terrasse vil også krevje meir vatning, og ein må finne planter som toler meir varme og sollys enn i ein tradisjonell hage. Dette er ein treningssak, og eg har sett mange flotte terrassar med krukker, fat og korger som heng over alt. Folk er kreative og det å jobbe med blomar gir mange ro i sjela. Det er jo ein ekstra bonus, og kanskje noko ein treng ekstra mykje av nå, smilar Fjeldstad.
Me treff Fjeldstad på ein av dei finaste dagane så langt i år. Ei humle susar forbi, eit par ungar er ute og syklar, og sola varmar i ryggen. Det er så mykje vår som det kan bli akkurat i månadsskifte.

Kommunal bløming

– Korleis er planane for dei kommunale beda som får så mykje skryt?
– Vel, me er i gang og planlegg, men det er litt tidleg for dei. Men me merkar at folk er opptatt av at kommunen skal gå føre og ha flotte grøntareal. Me hugsar alle debattane om blomar og buskar i rundkøyringane. Folk vil ha det fint rundt seg. Nå er det litt usikkerheit rundt inngangspartiet til rådhuset, som er eit av dei mest synbare prosjekta me har, men me håper på ei avklaring i god tid før blomane skal i jorda.
– Kva seier folk når dykk driv og jobbar i beda rundt om?
– Det er faktisk mykje skryt og det er ein kjekk, men viktig jobb me gjer. Når folk ser at me har det fint og ryddig rundt oss, så legg det litt press på innbyggarane også.
– Kva tenkjer du som er litt over snittet interessert i blomar når du ser folk i hagar og på terrassar nå, som pyntar og koser seg med blomar?
– Eg blir glad, eg skal innrømme det. For eg veit at det er medisin i å gjere slikt, spesielt om ein er litt stressa, eller som nå usikker på kva dei neste dagane vil gi oss av utfordringar. Er du i isolasjon så er det god trøyst i å snakke med blomane, berre prøv. Og mitt siste råd er at skal ein prøve noko nytt i år, skal ta eit tak heime i staden for på hytta eller andre stadar, så lytt til fagfolk, kjøp inn det du treng og unngå å berre hamstre inn blomar og utstyr. Det har lett for å hope seg opp, avsluttar Dag Leonard Fjeldstad.