frå venstre styreleiar Falkeid Gro Sørensen, i midten frå Sparebanken Vest avd. Haugesund Nina Hopsdal og til høgre frå Sparebanken Vest avd. haugesund Daniel Mikkelsen.
frå venstre styreleiar Falkeid Gro Sørensen, i midten frå Sparebanken Vest avd. Haugesund Nina Hopsdal og til høgre frå Sparebanken Vest avd. Haugesund Daniel Mikkelsen.

Gjett kven som fekk seg ei skikkeleg «Koronagåve»

Det var ein fantastisk nyheit å få – Falkeid Idrettslag er tildelt gåve av Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest frå deira koronafond på heile 120.000 kroner.

– Det er nesten som julaften og nyttårsaften å få ein så fantastisk nyheit for oss i Falkeid Idrettslag – at vi blir stetta i dei vanskelege tider som vi breddeidrettslag nå står i grunna koronasituasjonen. Vi får ikkje drive dugnadsarbeid (som vi er så gode på) med å arrangere cupar, stevner, kampar, messer, basarar og kafé som vi vanlegvis har inntekter på gjennom heila året og vi får ikkje jobbe dugnad for FKH på kampar som vi også har inntekter på. Da blir sjølvsagt våre planar for born, unge og sambygdingar usikre og vi ser oss rundt og prøver å tenkje nytt for og få hjula til å gå rundt i laget, seier Gro Sørensen i Falkeid IL til klubben si heimeside.

– Når der da plutseleg kjem ein telefonoppringing: «kan du møte oss ved Falkeidhallen? – vi har en overraskelse til Falkeid IL» er nok til å skape «sommerfuglar» i magen på ein styreleiar i disse «magre» tider. At Falkeid IL så får overrekt ein så stor gåve frå Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest – heile 120000 kr – for at vi i Falkeid Idrettslag skal kunne vere betre rusta økonomisk til å drive laget og aktiviteten for ungar, ungdom og sambygdingar er heilt fantastisk og gjere at vi nå ser mykje lysare på framtida med å behalde tilboda våre og også skape nye, held ho fram og kan fortelle om eit kjekt møte same kveld.

– Det blei eit lystig styremøte i nytt hovedstyre, og vi takkar Sparebankstiftelsen i Sparebanken Vest av heile våre hjerter. Vi skal bruke gåvetildelinga godt til glede for born, unge og sambygdingar i Falkeid IL og bygdene rundt Tysværvåg.