Lindesnes Trekkspillklubb, ingen over, ingen ved sida. Nå er dei på veg til Tysværtunet igjen.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Lindesnes Trekkspillklubb, ingen over, ingen ved sida. Nå er dei på veg til Tysværtunet igjen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Frå «bølgane blå» til storsalen

– Me kjem rett frå dansecruise på danskebåten til Tysværtunet. Det er to av høgdepunkta i sesongen, det.

Ståle Kongsvik sprudlar når han snakkar om konsertane som er i vente. Det er mange kulturelle fenomen, men det spørst om nokon kan måle seg mot Lindenes Trekkspillklubb. Humørgjengen frå det blide Sørlandet er på vegen igjen. Trygt i land etter det som ser ut til å ha vore ein skikkeleg kjekk tur med danseglade gjester til Danmark.
– Det var heilt fantastisk, men nå må me begynne å førebu oss på to av dei konsertane me set aller høgast, nemleg Tysværtunet og Grieghallen. Eg har sikkert sagt det før, men det å komme til Aksdal, treffe på alle dei flotte folka som jobbar der, fansen vår og alle andre som har billett, ja, det er eit høgdepunkt. Difor er eg så gald for at me har to konsertar slik at flest mogleg får komme inn, seier Ståle Kongsvik i Lindesnes TK.

Mykje nytt
Det er mange tradisjonar knytt til ein Lindesnes-konsert, med alt frå CD- og DVD-platesal til «Vigelandsvalsen».
– Me kjem ikkje unna den songen, den er signaturen vår. Så er livet rundt salsborda etter konsertane også blitt ein del av showet. Då treff me på folk og kan helse og takke for sist, og det er alltid nokon som vil helse på, og det er stort for oss.
– Når ein kjem år etter år må ein kanskje ha noko nytt å by på?
– Og det har me i år. Fleire heilt nye låtar som me ikkje har spelt før. Me har med oss trekkspeldronninga Gudny Dahlen og munnspelvirtuos Charlie Blackwater. Mange har også fått sansen for songstemma til «flykaptein» Per Storaker, som er med. Eg meiner me har sett i saman eit heilt nytt show som det er kjekt å vere ein del av, seier Kongsvik.

Kjem tilbake
Som for svært mange andre artistar, så blei også den blide gjengen i Lindesnes brutalt stoppa av pandemien. Men nå begynner folk å komme tilbake.
– Det var tunge tider og vanskeleg både for oss og kjernepublikummet vårt. Men nå ser det betre ut og det er snart selt trekvart sal i Tysværtunet. Det betyr at me nok vil ha fullt hus. Får berre håpe at alle som vil komme skjønar korleis ein tar ut billettar. Det har endra seg det også dei siste åra. Me er klar, så nå håper me at publikum er klare. Send ei stor helsing frå heile gjengen i trekkspelklubben til alle våre fans på Haugalandet, avsluttar Ståle Kongsvik.