Ein ny sesong er i gang og Kringeland Eriksen kan sportsleg sjå tilbake på eit nytt år med stor suksess, både som kusk og trenar.
– I 2023 hadde me heile 19 ulike vinnarhestar som totalt vann 44 løp på 184 startar og køyrte inn over 2,6 millionar kroner. Det er me skikkeleg stolte over, og me står godt rusta for denne sesongen med fleire svært spennande hestar i stallen. Me er to heiltidstilsette på stallen i Grimstad, og oppassar Leni Holen Berg gjer ein strålande jobb. I tillegg er det mange som er innom og gjer ein god jobb her, seier Johan Kringeland Eriksen.
Faren Geir har lenge vore ein garantist for suksess og slik er det også i år, sjølv om det akkurat nå berre er ein hest med Kringeland i namnet, Kringeland Kyro, som stiller i løp.
– Men den har hatt ein strålande sesong. Dette er ein treåring me har stor tru på, og den køyrte inn solide 306.000 i år. Dette er ein hest eg gleder meg til å sjå utover året, seier Johan.
Detaljar
Johan Kringeland Eriksen og faren har henta fram den eine vinnarhesten etter den andre og Johan har blitt hylla både i fagblad og aviser for sine metodar og den ekte gleda ved å drive med hest.
– Det handlar om å bygge seg opp bit for bit. Eg er nøye på detaljar og eg er heldig som har gode folk rundt meg som trur på det same. Får ein eit godt namn i miljøet, kjem det eigarar av gode og talentfulle hestar til oss. Faren min har til nå hatt 27 hestar, og i tillegg har eg hestar som eigarar frå Stavanger til Kristiansand har på stall og i trening her. Skulle hatt nokre fleire frå Haugalandet, – det hadde vore stas, seier Johan.
– Korleis er balansen mellom å vere trenar og det å køyre sjølv?
– Eg køyrer løp to til tre dagar i veka. Det er mykje på Sørlandet travbane der eg blei «Champion» i år, noko som betyr at eg skal køyre NM i år. Då eg starta opp i 2016 var det like mykje hobby som jobb, men så har eg tatt det vidare steg for steg. Kjekt når det går godt, tidkrevjande og hardt arbeid når det er vanlege grå arbeidsdagar, smiler Johan Kringeland Eriksen.
Bekymra
29-åringen er meir bekymra for hestesporten si framtid enn tidlegare. Han blir litt meir alvorleg når ein snakkar om Rikstoto og fall i spelet.
– Dei siste åra har det komme ein del restriksjonar som gjer at det er nedgang i spel og det slår tilbake på oss som driv med travhestar. Nå blir det jobba med å komme opp med nye idear, men utviklinga me har sett er alvorleg.
– Når me snakkar V75 og spel, kva banar liker du best å køyre på?
– Eg har ikkje nokon favorittbane som skil seg ut, men trivst godt på heimebanen på Sørlandet like ved Kristiansand. Mange av banane betyr lang veg og timar i bil, men det blir også ein vane.
– Me minnast at du var på tur frå Grimstad til Bergen for å køyre eit løp…
– For å seie det slik. Det blir mindre av det, men av og til er den eine starten svært viktig for dei som eig hesten. Då stiller eg sjølvsagt opp for dei.
Team Kringeland Eriksen blir lagt merke til og gode resultat gir respons.
– Det har vore fleire banar både i inn- og utland som har tatt kontakt og ønsker me skal bli ein del av deira trenarstamme. På mange måtar kan det vere freistande, og me tar det som et teikn på at me gjer noko riktig. Men på ei anna side har me sett saman eit topp team og har flotte forhold å trene hestane våre på. Derfor blir me nok på Sørlandet og terpar på vårt opplegg der. Me har også fleire idéar i «banken» for å skape endå betre eigaropplevingar, skape eit godt miljø rundt stallen og fremje trav på ein måte me meiner er riktig, seier Johan.
Dette er tankar som gjer han både attraktiv, men også respektert, i eit tøft miljø. 29-åringen frå Tysvær har vist at det går an om innstillinga er den rette.
– Det har vore ei spennande reise der også dei heime på Kringeland skal ha mykje av æra. Det å ha folk i ryggen som trur på deg er viktig. Nå gleder eg meg til ein sesong der fleire av hestane våre skal ta nye store steg mot toppen. Spesielt til sommaren og til hausten vil det garantert bli mykje å glede seg over, avsluttar Johan Kringeland Eriksen.