Årsmøte i søndagsskulekrinsen

8.mars 2018 var søndagsskuleleiarar samla til Årsmøte på Stemnestaden i Tysvær.

Sønsdagsskolen Karmsund-Sunnhordland krets blei stifta i Ølen 10.juni 1928 og feirar 90 årsjubileum i år. Mange av dei 80 lokale søndagsskulane er derimot mykje eldre.
Det viser at søndagsskulearbeidet både har stått – og står – sterkt i Sunnhordland og på Haugalandet.

8.mars 2018 var søndagsskuleleiarar samla til Årsmøte på Stemnestaden i Tysvær.
Med på årsmøtet var og Søndagsskolen Norge sin generalsekretær Gøran Byberg.
Søndagsskulekrinsen har to personer tilsett i til saman 120% stilling. Krinsen si oppgåve er å styrke dei lokale søndagsskulane med kurs og samlingar og deltaking i dei enkelte søndagsskulane. I tillegg vert det drive bl.a. leirarbeid og produksjon av radiosøndagssule.

Driftsrekneskapen for 2017 viste underskot, men krinsen har opparbeida god likviditet gjennom mange år og har solid økonomi. Rekneskapen blei vedteken saman med budsjett for 2018.

Etter årsmøtet har krinsstyret følgjande samansetting:
Leiar Marianne Eikemo Knutsen frå Karmøy.
Sissel Engedal Ek frå Haugesund, Øyvind Halvorsen, Geir Fridtjof Foldøy, Johanne Lomheim, Miriam Kristoffersen og Vibecke Bakkevig frå Karmøy, Jorunn Baustad frå Tysvær, Britt Marie Westman frå Røvær og Liv Siri Andresen frå Stord